Undersøkelse av frivillig sektor i Møre og Romsdal

Telemarksforsking gjennomførte i 2024 ei undersøking av frivilligheita i Møre og Romsdal. Målet med undersøkinga var å gi ei oversikt over kva type frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva type aktivitetar dei driv med, og kva dei bidreg med i samfunnet. Undersøkinga hadde også eit mål om å skildre og analysere frivilligheitas samfunnsnytte og samspelet mellom offentleg og frivillig sektor, og drøfta korleis kommunanes frivilligheitspolitikk kan innrettast for å fremje innovasjon og utvikling som gav positive samfunnseffektar for tenester, lokalsamfunnsutvikling, demokrati og deltaking.

Undersøkinga omfatta ei spørjeundersøking blant dei frivillige organisasjonane i fylket og intervju med tilsette i kommunane. Funna er analysert og summert opp i ein felles rapport for heile fylket samt for kvar kommune.

Oppdragsgivar for prosjektet har vore Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektleiar for prosjektet var Seniorforskar Hanna Nyborg Storm

 

Resultata frå undersøkinga er presentert i desse rapportane:

 

Møre og Romsdal

 

Aukra

Aure

Fjord

Giske

Gjemnes og Averøy

Haram

Hareid, Vanylven og Sande

Herøy

Hustadvika

Kristiansund

Molde

Rauma

Stranda

Sula

Sunndal

Surnadal

Sykkylven

Tingvoll

Ullstein

Vestnes

Volda

Ørsta

Ålesund


Rediger dette