Frå Vinje kommune sin del av Hardangervidda. ALLE FOTO: KJELL BITUSTØYL

«Tradisjon og destinasjon» – om sosial berekraft i villreinfjell

november 30, 2021 Grønn omstilling

Telemarkforsking og NINA har treft planken med eit forskingsprosjekt på fjellbygder, hytteturisme og villreinproblematikk.

 

Seniorforskar Marianne Singsaas er leiar for prosjektet «Tradisjon og destinasjon» som ser på strategiar for ei meir berekraftig utvikling i store hyttekommunar i fjellet. Prosjektet starta opp i 2019 som eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje kommune, Telemarkforsking, Norsk villreinsenter, NINA og Miljødirektoratet. Prosjektet ser på sosial berekraft og korleis ein kan syte for at både lokale folk og hytteturistar får moglegheiter til å realisere det gode liv både i bygda og i naturen.

– Kvifor ville Vinje kommune starte eit slikt prosjekt?

Det var for å gå frå einsidig satsing på hytteutbygging til eit fokus på breiare verdiskaping. Det har seg slik at alt hausten 2019 var Vinje kommune merksame på at den hyttebygginga som var planlagt, og som det hadde vore brei politisk semje om, hadde blitt større enn dei dei hadde sett for seg då dei la desse planane, fortel Singsaas.

 

Hamna midt i hytteopprøret

Rett etter prosjektstart kom «hytteopprøret i Vinje» – eit opprør frå grasrota mot det ein kallar «ukontrollert hyttebygging». «Det er nok hytter no» har vore slagordet dette opprøret har blitt kjent under. Singsaas fortel at dette opprøret kom i samband med revidering av ein kommunedelplan for eit planlagt hytteområde. Då hadde folk noko å mobilisere mot.

Dette viser at planprosessar fungerer demokratisk, ettersom frustrasjon og motstand kjem opp på denne måten. Dette er i tråd med slik ein har tenkt at plan- og bygningsloven skal fungere, involvering og brukarmedverknad er stikkord her. Slik sett synest eg som planforskar at det er positive sider ved dette opprøret.

All merksemda Vinje har fått har ført til at opprøret har spreidd seg til fleire andre fjellkommunar. Dette har naturleg nok ført til merksemd frå media også om «Tradisjon og destinasjon».

– Meir dagsaktuelle problemstillingar for eit forskingsprosjekt skal ein kanskje leite lenge etter?

Absolutt! I veldig mange av dei her bygdene som ligg opp mot villreinfjellet, har ein satsa stort på hyttebygging, kanskje i mangel av andre moglegheiter, det står ikkje akkurat bedrifter i kø for å etablere seg i slike utkantområde! Ein må sjå dette i samanheng med større økonomiske trendar i tida: Distriktskommunar opplever fråflytting, dei mister viktig offentleg funksjonar, dei mister butikken, skulen blir lagt ned, befolkninga er aldrande osv.

– På denne måten brukar altså dette forskingsprosjektet Vinje kommune som case for å belyse eit meir generelt problem?

Ja, og det er berre fornuftig av kommunar å arbeide med å finne nye næringsvegar – noko må ein leve av også i bygdene. Regjeringa har òg sjølve vore med på å fronte nettopp naturbasert turisme som ei næring i fjellbygdene.

 

 

 

Viktig med tillit

Tittelen på prosjektet «Tradisjon og destinasjon» handlar om sosial berekraft i kommunar med mykje hyttebygging. Singsaas seier at grunnen til at dei valde dette fokuset, er eit aukande konfliktnivå, ein sterk pågåande trend knytt til hytteutbygging.

For å handtere desse utfordringane og setje inn tiltak, er det viktig at aktørane har tillit til kvarandre, tillit til kommunen og tillit til dei som skal setje inn tiltaka. Eit eksempel er regulering av ferdsel, stenging av løyper o.l. Ein er avhengig av at folk følgjer desse tiltaka frivillig. Å bruke makt eller forbod er i denne samanhengen ein fjern tanke i landet vårt.

– Dette handlar om allemannsretten?

Allemannsretten er kjempeviktig og utgjer botnen i prosjektet, det handlar om at me må prøve å finne løysingar saman. Eit viktig poeng er å skilje hyttebygging frå annan type turisme, der ein berre kan seie at me berre avsluttar eit turistopplegg dersom det oppstår problem, til dømes eit besøk av eit cruiseskip i ein fjord.

 

Kommunane må tenkje nytt

Singsaas legg vekt på at hytteturistane er bundne til plassen nesten for all framtid. Denne utfordringa må difor handterast på staden, for hyttefolket vil halde på å koma. Ho hevdar at hyttebygginga på mange måtar har blitt sett på som ein del av turismen, men at turistar er folk som kjem og dreg. Men slik er det altså ikkje lenger for hytteeigarane sin del.

 Bruken av hyttene har endra seg, folk brukar hyttene meir, me er på mange måtar på veg inn i eit slags tobustads-samfunn. Kommunane må difor tenkje nytt om hyttene og hyttebuarane sine, og hyttelandsbyane må difor inkluderast i den lokale stadutviklinga.

– Dette har vel berre blitt forsterka under koronaperioden, også det faktum at hyttefolk som bur delar av året på hytta kan bli ei ekstrabelastning til dømes på det lokale helsevesenet? Kommunane tok kanskje ikkje høgde for dette då dei gav klarsignal til alle hytteprosjekta?

Det stemmer, og det handlar òg om å sjå på lokalsamfunna som ein sosial og kulturell stad.

 

Redd for bygda si

Det me oppdagar blant anna gjennom dette hytteopprøret, er at folk er redd for bygda si, tradisjonane, kulturen og dei sosiale møteplassane. Ein er redd for å bli i mindretal i eiga bygd og at bygdas sterke sosial band, uformelle samarbeid og dugnadsarbeid kan bli erstatta med meir formelle, advokatstyrte forretningsstyrte transaksjonar frå hytteeigarar og hytteforeiningar. I intervjua høyrer me ofte forteljingar om kulturkrasj.

– Eit velkjent mantra i mykje turisme-tankegang er at ein gjerne vil oppleve såkalla autentisk kultur. Kva skjer når det meste av kulturen er retta mot at me skal tilfredsstille turistane, eller hyttefolket for den slags skuld, i motsetnad til at kulturen har eigenverdi og er det me kallar ekte vare?

Det er her den sosial berekrafta kjem inn, klarar ein å halde på det lokale særpreget, dei tradisjonane som folk kjem for å oppleva? Eller må ein lage etterlikningar? Det er ikkje tvil om anna enn at byfolk, som ofte sjølve kan ha foreldre eller besteforeldre frå ei bygd, gjerne søkjer etter røtene sine, til dømes i ei bygd som Rauland.

Singsaas fortel elles at ein motivasjon for dette forskingsprosjektet er at det finst lite forsking på dei sosiale verknadane av hytteturismen. Forskarane bryt med andre ord nytt land på denne måten.

 

Villrein og identitet

Avslutningsvis vil Singsaas gjerne rette fokuset tilbake mot villreinen og den plassen dette dyret har i fjellbygdenes identitet, både historisk og i dag. Ho tek med at mennesket og reinen har ein historie som strekkjer seg tusenvis år tilbake i tid, også i Vinje og Rauland.

Det handlar om kultur og historie knytt til jakt. Busetjing langt til fjells har ofte kome på grunn av den ressursen som fanst og finst der. I dag kan berre det å kunne gå i eit landskap og sjå rein, vera viktig for dei som bur der, men framleis er jakt viktig. På grunn av all trafikken frå hyttefolk og andre turistar kan slik jakt bli forstyrra, både elgjakt og småviltjakt. Reinsdyrjakt blir i mindre grad direkte utsett for dette, det er meir snakk om at utbygging av randsonene skræmer reinen lenger inn i fjellet, noko som òg kan by på utfordringar for dei som jaktar. Og om ei fjellbygd på denne måten skulle miste jaktmoglegheitene, vil denne bygda miste mykje av særpreget sitt, identitet og kultur. Villreinen er slik sett noko langt meir enn berre eit biologisk dyr.

 

Her kan du lese meir om og finne publikasjonar frå prosjektet «Tradisjon og destinasjon».

 

Denne saka er skriven av Kjell Bitustøyl, frilansjournalist.