Landbruk

Landbruk

Innafor temaet landbruk har vi særleg sett på korleis landbruket har utvikla seg dei siste tiåra, og kva for regionale og miljømessige konsekvensar dette har fått. Samtidig er vi også opptekne av korleis regionale særpreg og naturgjevne føresetnader gir ulike regionar nye muligheiter i det grøne skiftet.

Dei siste åra har vi sett ei oppblomstring av ulike former for urbant landbruk. Kva for rolle kan dei ulike formene for dette nye landbruket spele for å få til ei meir berekraftig utvikling, og kva har desse initiativa å seie for utviklinga av framtidas landbruk og matproduksjon?

Andelslandbruk er kjenneteikna av eit partnarskap mellom andelsgarden og andelseigarane om produksjon av mat. På denne måten blir ansvaret og risikoen for produksjonen delt. Andelsgarden er sikra avsetning av produksta sine, og andelshavarane får ta del i og påverke korleis maten blir produsert. Opprinneleg var dette forventa å mest vere eit storbyfenomen, men det har spreidd seg over heile landet; det er andelsgardar i alle fylka. Vi har gjennomført studiar av norske andelsgardar, og fasilitert fleire læringsarenaer.

Ein viktig strategi i landbruket har vore å ta hand om ein større del av foredlinga lokalt, marknadsføre og selje varer og tenester til ei befolkning på jakt etter nye opplevingar. Ved kortare avstand mellom produsent og forbrukar og ein verdiauke på produkta fordi dei har ein unik historie, kan ein større del av verdiskapinga verte att lokalt.