Kompetansemekling for bedrifter

Kompetansemekling for bedrifter

Telemarksforsking hjelper bedrifter i Vestfold og Telemark fylke og Viken fylke som treng ny kunnskap og kompetanse for å komme vidare med eit utviklingsprosjekt. Vi koplar bedriftene med dei beste forskingsmiljøa nasjonalt og internasjonalt.

Ordninga heiter kompetansemekling, og det er gratis for bedriftene å få rådgjeving frå ein kompetansemeklar. Kompetansemeklinga skal bidra til at bedriftene i større grad tek i bruk forsking og utvikling (FoU), og dette skjer heilt konkret ved at bedriftene gjennomfører eit forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med eitt eller fleire forskingsmiljø. Forskingsprosjekta skal ta utgangspunkt i dei utfordringane og behova som bedriftene har, men også vere til nytte og relevans for samfunnet.

Kompetansemeklarane frå Telemarksforsking arbeider primært innan reiseliv, natur-, kultur- og opplevingsnæringar. Vi møter bedrifter enkeltvis eller i grupper/nettverk, for å finne ut om dei utfordringane bedriftene står framfor kan løysast ved hjelp av forsking. I så fall hjelper meklarane til med å finne aktuelle forskingsmiljø som er best eigna til å finne svar på spørsmåla, og bidrar med å utvikle gode forskbare problemstillingar og eigna metodar. Samtidig finn dei fram til ulike forskingsprogram eller -ordningar som kan vere aktuelle som finaniseringskjelde.

Døme på prosjekt

Tre grunneigarar på Norefjell har fått støtte til eit prosjekt som skal definere kva som ligg i framtidas bærekraftige fjellturisme på Norefjell. Forskarane skal utvikle ein testversjon av eit bærekrafts-rekneskap for (ski)turistar. Modellen skal skape grunnlag for å kunne vurdere bærekrafta i reisa, både på individnivå og for ein destinasjon samla.

Kompetansemeklarane frå Telemarksforsking hjalp Ostebygda, som er eit nettverk av lokale osteprodusentar i Buskerud, til å setje i gang eit forskings- og utviklingsprosjekt om bærekraftig emballering. NOFIMA er henta inn som forskingsmiljø. Prosjektet skal utforske ulike emballasjeløysingar for småskala ost.

 

Vil du vite meir?

Kompetansemeklarane jobbar på oppdrag frå Norges Forskingsråd, samt fylkeskommunen i Vestfold og Telemark og i Viken. Les meir om å søke støtte til eit forskingsprosjekt på Forskingsrådet sine nettsider:  Verktøy og råd for FoU-prosjektet ditt

Les om kompetansemekling i Vestfold og Telemark fylkeskommune: FORREGION Vestfold og Telemark

Les om kompetansemekling i Viken: Tilskudd til forskning i bedrifter (FORREGION)