
«Symfoni i seks satsar» – historia om kvifor IA-avtalene har overlevd turbulens og usemje i to tiår
juni 23, 2025I ein nyleg publisert forskingsartikkel skriv forskingsprofessor Irene Øyeflaten ved Telemarksforsking og forskarar frå NORCE den fulle historia om kvifor dei norske IA-avtalene har overlevd, også gjennom turbulente tider.
Intensjonsavtalene om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalene) har vore sentrale i arbeidet med å redusere sjukefråver og fremje inkludering i arbeidslivet dei siste tiåra.
Men, kvifor har IA-avtalene overlevd, trass i at det overordna målet om redusert sjukefråver aldri vart nådd, og trass i sterk usemje og brot i forhandlinga i 2024?
Dette spørsmålet stiller Øyeflaten og forskarane Tone N. Slotsvik og Kari Anne Holte frå NORCE i artikkelen «Symfoni i seks satser: et tilbakeblikk på to tiår med IA-avtaler» i Tidsskrift for velferdsforsking.
Dei har nærlese samtlege av dei seks IA-avtalene, der den første vart inngått i 2002, og den sjette var inngått (med nød og neppe) i 2025. Dei peikar på fire årsaker til at IA-avtalen framleis ser dagens lys:
Den har freda sjukelønsordninga, blitt ein integrert del av trepartssamarbeidet, gitt det lokale arbeidsmiljøarbeidet ei verktøykasse og rom for diskusjon av dei komplekse problemstillingane som ligg i arbeidsfråvær.
Fredning av sjukelønsordninga
«Det er ingen hemmelighet at fredning av sykelønnsordningen er limet i IA-avtalen. Uten dette hadde vi nok ikke hatt samme oppslutning om avtalen, og partane ville nok i kke forpliktet seg på samme måten».
Dette sitatet er henta frå 2009 og dåverande LO-sekretær Trine Lise Sundnes, og er gjengjeve i artikkelen. Partane det visast til er regjering, arbeidsgjevarorganisasjonane og arbeidstakarorganisasjonane. Forskarane meiner at fredninga av sjukelønsordninga gjennom 2000-talet har vore avgjerande for at dei tre partane har vore villige til gjensidige forpliktingar i IA-avtala.
– Men, det at IA-avtala vart vidareført også i 2025, trass i at sjukelønsordninga ikkje vart eksplisitt freda, viser at det også er andre årsaker til at partane vil behalde IA-avtala. Me peiker på tre, fortel Irene Øyeflaten.
Avtalen har gjeve partane ein samarbeidsarena
Den første årsaka handlar om trepartssamarbeidet. Norsk arbeidsliv har vore særmerkt av eit stabilt trepartssamarbeid heilt frå etterkrigstida. Men, det er først gjennom IA-avtalene at dei tre partane har fått ein samarbeidsarena der den omfattande diskusjonen om sjukefråver og inkludering kan takast på ein måte som ikkje er snevert knytt til talfesting eller måleindikatorar.
IA-avtala legg opp til formaliserte samarbeidsmøter, undervegsevalueringar og arbeidsgrupper, samt etablering av felles kunnskapsgrunnlag. Det sistnemde har vist seg å vere særleg viktig for dei tre partane som ofte bygger på ulike forståingar av røynda.
– IA-avtala har vorte ein integrert del av trepartsamarbeidet. Eit brot i IA-avtala vil på mange måtar opplevast som eit angrep på trepartsmodellen, forklarar Øyeflaten.
Den andre årsaka rettar fokuset bort frå det overordna trepartssamarbeidet, og mot dei lokale verksemdene.
Verktøykasse for det lokale arbeidsmiljøarbeidet
I tillegg til utviklinga av trepartssamarbeidet, har også utviklinga av bedriftsdemokratiet prega arbeidslivet i Noreg i etterkrigstida. Arbeidstakarane har fått auka medverknad, og arbeidsgjevarane har fått fleire plikter overfor dei tilsette.
IA-avtalene har vore relevante for vidareutviklinga av det lokale bedriftsdemokratiet. Samla sett har verktøykassa til lokale verksemder vorte større som følge av IA-avtalene: verneomboda har fått ei tydelegare definert rolle, og verksemdene har fått verktøy til å drive opplæring av både arbeidsgjevarar og tillitsvalde.
– IA-avtalene komplementerer den såkalla «internkontrollforskriften». Der interntkontrollforskriften krev at dei lokale verksemdene utarbeider handlingsplanar og prosedyrer for det lokale arbeidsmiljøarbeidet, bidreg IA-avtalene med konkrete førebyggingsverktøy, samt ei demokratisk samtale om arbeidsmiljø og sjukefråver, fortel Øyeflaten.
Aukande forståing for kompleksitet
Ei tredje årsak til at IA-avtala har overlevd, er den aukande forståinga av at årsakssamanhengane bak sjukefråver er vanskelege å identifisere, og at arbeidet ikkje har ein quick-fix. Gjennom avtalene har partane demonstrert vilje til å sjå verdien av noko ein ikkje ser verknadene av med ein gong, og dei seinare avtalene har understreka at IA-arbeid tar tid.
Frå og med 2010 har avtalene formulert at det er behov for forskingsbasert kunnskap og betre forståing av dei ulike drivkreftene bak sjukefråver og fråfall. Implisitt i dette ligg erkjenninga av at ein ikkje har nok kunnskap på noverande tidspunkt, og at partane må samarbeide for å oppnå innsikta.
Orkestrering
Forskarane brukar «orkestreringsomgrepet» i skildringa si av IA-avtalen. «Orkestrering» inneber at ulike aktørar ikkje berre speler den same melodien, men også inngår i eit samspel. Påstanden til forskarane er at IA-avtalen har lykkast nettopp på grunn av at den er i stand til å «orkestrere» dei ulike aktørane og koordinere verkemiddelbruken.
Konklusjonen er at partane er del av det same orkesteret, og at orkesteret har spelt ein «symfoni i seks takter» gjennom gjensidige forpliktingar i dei seks IA-avtalene.