NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Stas med disputas

Stas med disputas

Trond Erik Lunder forsvarar PhD-graden ved NTNU i Trondheim i dag.

21.5.2015

Trond Erik Lunder forsvarar i dag PhD-graden med prøveforelesing og disputas. Tittelen på avhandlinga han har levert er Fiscal federalism in practice: Four essays on local public service production in Norway.

Avhandlinga består av fire artiklar om korleis både kommunar og individ tilpassar seg ved ulike rammevilkår for tenesteproduksjon i norsk offentleg sektor. To av artiklane omhandlar barnehagar og to omhandlar sosialhjelp.

Før han legg fram avhandlinga skal han gi ei prøveforelesing.

Komiteen som skal vurdere arbeidet er leia av professor Anders Skonhoft frå NTNU. 1. oponnent er dosent Karin Edmark (Institutet för Næringslivsforskning i Sverige) og 2. oponnent er professor Jon H. Fiva (BI).

Ein av artiklane er skrivne saman med birettleiaren 1. ammanusensis og forskar 1 Lars Håkonsen.

Hovudrettleiar har vore professor Lars Erik Borge frå NTNU.