Utmark i endring

Innledning til temanummer av Tidsskriftet Utmark

Dette nummeret av Tidsskriftet Utmark er eit produkt av forskningsprosjektet Norsk Utmark i Endring: mellom tradisjonelt landbruk, moderne konsum og grøn industrialisering. Dette prosjektet har vore leia av Ruralis og vart finansiert av Norges forskningsråd. På eit overordna nivå handlar dette prosjektet om prosessar og konfliktar i den norske utmarka, med særleg vekt på utfordringar knytt til sosial berekraft i samband med det grøne skiftet. Som me veit har utmark ei lang historisk tilknytting til jordbruket som eit viktig supplement til innmarka på gardane. Sjøl om utmarka framleis er viktig for tradisjonelle næringar og aktivitetar som beitebruk, skogbruk, jakt, og fiske, ser me ei auka interesse frå aktørar innen industri som vind- og vasskraftproduksjon og gruvedrift. Medan det allereie på 1700-tallet vart utvikla industri i form av gruvedrift i fjella, la temmingen av fossane frå starten av 1900-tallet hovedgrunnlaget for industrialiseringa og moderniseringa av det norske samfunnet, og vart av stor betydning for mange norske lokalsamfunn. I dag står me altså andsynes ei tredje industrialiseringsbølgje av utmarka. Ei storskala industriell bruk av utmarka ved vindkraftproduksjon og gruvedrift kan få stor innverknad både på natur og samfunn og på forholdet mellom folk og natur. 

Les hele innledningen ved å følge lenken: Nr. 1 2024 (utmark.org)

Forfatter

Eirik Magnus Fuglestad & Marianne Singsaas

Utgitt

08.03.2024

Type

Artikkel