Korleis vidareutvikle berekrafta i norske matproduksjonssystem?
Ei utgreiing til jordbruksoppgjeret 2020
Rapporten summerer opp status og forbetringspotensial for berekraftige matproduksjonssystem under norske tilhøve, vurdert utifrå ein agroøkologisk tilnærmingsmodell. Deretter drøftar vi i kva for grad verkemiddelsystemet fremmar eller hemmar utvikling i ei meir berekraftig retning. Vi skisserer til slutt nokre nye moglege måtar å rette inn verkemidla på. Den agroøkologiske berekraftsdefinisjonen er tungt forankra internasjonalt, men aldri før anvendt på nasjonalt nivå i Noreg.