Kartlegging av frivillig sektor i Rauma
Denne rapporten summerer opp og analyserer svara frå ei undersøking av frivilligheita i Møre og Romsdal, med særleg vekt på frivilligheita i Rauma. Målet med undersøkinga var å gi ei oversikt over kva type frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva type aktivitetar dei driv med, og kva dei bidreg med i samfunnet. Undersøkinga hadde også eit mål om å skildre og analysere frivilligheitas samfunnsnytte og samspelet mellom offentleg og frivillig sektor. Oppdragsgivar for prosjektet har vore Møre og Romsdal fylkeskommune.