Engasjement og arrangement

Ei bok om konsertar og konsertarrangering

I møtet mellom musikk og publikum har konsertarrangøren ein viktig funksjon. Kvar dag sørgjer offentlege, private og frivillige arrangørar for at scener, utestader og kulturhus blir fylte med innhald. Denne boka er resultatet av eit forskingsprosjekt sett i gang av Kulturrådet, for å skaffe meir kunnskap om heilårsarrangørar og konsertverksemd i Noreg. Boka byggjer på intervju med arrangørar, surveyundersøkingar og økonomiske oversikter frå ei rekkje konsertar. Ho gjer greie for kven arrangørane er, historiene deira, dei kunstnariske ambisjonane og dei økonomiske vilkåra dei opererer under. Boka ser på omfanget av konsertar i Noreg, og undersøkjer publikum og dei ulike aktørane i konsertbransjen. Avslutningsvis peiker forfattarane på viktige utviklingstrekk på området og på endringar ein kan vente i åra som kjem.

Boka kan lastes ned gratis her.

Forfatter

Bård Kleppe, Ola K Berge, Sigbjørn Hjelmbrekke

Utgitt

15.06.2019

Type

Vitenskapelig monografi