Utgreiing om organisering av eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk

Språkrådet ønskjer å få gjennomført ei utgreiing om alternativ for organisering av eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk. Målet med eit slikt forskings- og utviklingsmiljø er å sikra stat, styring, skuleverk og arbeidsliv tilgang til relevante produkt av anvend forsking i norsk, og i tillegg sikra at forvaltninga har tilgang til spesialistkompetanse som trengst for å forvalta lovverka på språkfeltet.