Publikum og kulturbruk

Kulturdirektoratet har behov for å gjennomføre ei kunnskapsoppsummering inkludert omgrepskartlegging knytt til publikum og kulturbruk. Med utgangspunkt i publikumsmålingar og kulturbruksstudiar utført i ein norsk kontekst sidan 2000 og fram til i dag skal prosjektet gje ei systematisk og nyansert oversikt over den samla kunnskapen om publikum og kulturbruk, og korleis den blir innhenta og brukt vidare. Prosjektet skal også kartlegge omgrepsapparatet og gje ei oversikt over fagspråket som blir nytta i desse både kvantitative publikumsmålingane og meir kvalitative kulturbruksstudiane.