Masterstipend

juli 2, 2019

Skal du skrive ei masteroppgåve som er fagleg relevant for oss? Da kan du søke på Telemarksforsking sitt masterstipend.

 

Telemarksforsking deler ut masterstipend på 15.000 kr til studentar som skriv oppgåver innanfor våre fagområde: regional utvikling, kommunal- og velferdsforsking og kulturforsking.

Søknadsfrist er 15. juni for stipend i haustsemesteret og 15. desember for vårsemesteret. Vi deler ut inntil 2 stipend til kvar søknadsfrist.

 

Du får

  • 15.000 kr i stipend
  • inntil 5 timar sparring med ein forskar frå Telemarksforsking
  • moglegheiter for å knytte degopp til pågåande forskingsprosjekt ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

 

Du bidrar med

  • munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

 

Søknadsprosess

Send ein kort prosjektbeskrivelse (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om fagområda våre på heimesida vår.