Olav Lahus. Foto: Kristine P. Miland.

Ny direktør

august 31, 2021

– Dette må vere den mest spennande jobben i Telemark, seier Olav Lahus, ny direktør ved Telemarksforsking.

 

Den 16. august hadde Olav Lahus sin første arbeidsdag som direktør ved Telemarksforsking, og overtok med det roret etter Karl Gunnar Sanda, som har vore direktør ved instituttet i 17 år.

 

Lang leiarerfaring

Olav er fødd og oppvaksen i Bø. Han er utdanna Dr.ing innanfor bygg frå NTNU i 1999. I Norges Byggforskningsinstitutt (nå SINTEF Community ) jobba han som forskar i fire år, før han gjekk vidare til jobb i ingeniørfirmaet Dr.ing. A.Aas Jakobsen AS. Olav har også drive eige ingeniørfirma, og han har jobba som seksjonsleiar i Statens Vegvesen i 11 år. Dei seinare åra har han vore avdelings- og utviklingsleiar i Rambøll.

Til saman har Olav rundt 15 års leiarerfaring, i tillegg til erfaring frå instituttsektoren og større samarbeidsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Da stillinga som direktør ved Telemarksforsking vart lyst ut, dukka det opp ein særs interessant jobbmoglegheit i gangavstand frå garden han bur på i Bø.

– Det som gjorde meg nysgjerrig på stillinga som direktør ved Telemarksforsking var at eg kunne ta i bruk leiarerfaringa mi opp mot forsking. Kombinasjonen PhD og forskarerfaring samt lang leiarerfaring er det nok ikkje så mange som har, og nettopp den kombinasjonen passar godt til denne stillinga. Eg var veldig glad for å få jobben. Det å kunne jobbe lokalt og bidra lokalt er givande, fortel Olav.

 

Lokalt engasjement

Olav er engasjert i det lokale samfunnslivet i Bø. Sidan han flytta heim att i 2004 med kone og to born, har han vore aktiv innanfor handball, både som spelar og trenar i det lokale idrettslaget. I tillegg har han vore kommunepolitikar og leiar av utval for oppvekst og kultur i Bø kommune. Han er oppteken av det frivillige livet og dugnadsinnsatsen lokale eldsjeler legg ned for fellesskapen.

– Vi er heldige som har eit vitalt foreinings- og kulturliv i Bø, men dugnadsinnsatsen kjem ikkje av seg sjølv. Vi skal gjere vårt til å bidra lokalt. Mange av dei tilsette ved Telemarksforsking er engasjerte i ulike delar av lokalmiljøet, og det seier ein del om kva slags folk som jobbar her. Fleire enn meg har til dømes vore sjauarar på loppemarknaden for skulemusikken.

Som direktør ved Telemarksforsking er Olav oppteken av å byggje nettverk, både lokalt og med samarbeidspartnarar og oppdragsgivarar nasjonalt og internasjonalt.

 

Byggjer kompetansemiljø

Med tilsetjinga av Olav Lahus har Telemarksforsking fått ein direktør som har lang erfaring i å bygge opp kompetansemiljø. Han kjem frå ei stilling som avdelings- og utviklingsleiar i Rambøll, kor ordreboka var fylt opp for alle på avdelinga eitt år fram i tid.

– Eg reiser frå ein avdeling som aldri har gått betre, men kjem til eit forskingsinstitutt med solid, sunn økonomi og god kompetanse. Det er mykje her å byggje vidare på og utvikle vidare. Framover vil eg ha fokus på å gjere meg kjend med både dei tilsette og nettverket rundt oss. Vi kjem også til å jobbe med å byggje vidare på kompetansemiljøet og få inn enda fleire flinke folk.

Både styret og dei tilsette ved Telemarksforsking har uttrykt eit tydeleg ønske om å satse på rekruttering i tida framover.

– Vi skal jobbe med å få inn den rette kompetansen, som er villig til å knytte seg nok til Telemarksforsking. Vi ser endringar som følgje av pandemien når det gjeld bruk av heimekontor, men eg trur det er veldig viktig for det vi driv med at vi har eit miljø som ein sit i og er fysisk del av. Det er viktig både for den faglege og sosiale dimensjonen.