Nora og Nils Arne får masterstipend

januar 14, 2020

Telemarksforsking sine to masterstipend for våren 2020 går til Nora May Engeseth frå UiO og Nils Arne Lindaas frå NTNU.

Nora May Engeseth og Nils Arne Lindaas vann fram blant 12 søkarar til Telemarksforsking si andre utlysing av masterstipend 15. desember. Dei får dermed 15.000 kr kvar i masterstipend og blir kopla opp mot kvar sin Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.

 

REKO og grasrotinnovasjon av matsystem

Nora May Engeseth. Foto: privat

Nora May Engeseth tek master ved senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Ho tek for seg grasrotinnovasjon av matsystem med REKO-ringar som case i si masteroppgåve.

– I studien ser eg på eit alternativt matnettverk og grasrotinitiativ i Oslo: REKO-ringane på St. Hanshaugen og Prindsens Hage. REKO står for «Rejal Konsumtion» og er ein distribusjonsmodell som knytter forbrukarar tettare til lokale bønder og matprodusentar. Målet med prosjektet mitt er å forstå kva for rolle REKO har i Oslo og kva rolle REKO kan ha i framtida, seier Nora.

Nora er kopla opp mot forskar Christine Hvitsand som sparringspartnar, som er ein av forskarane bak den nyleg lanserte rapporten om REKO som omsetningskanal for økologiske produsentar.

 

Private barnehagar

Nils Arne Lindaas. Foto: privat

Nils Arne Lindaas studerer statsvitskap ved NTNU, og skriv om temaet private barnehagar.

Eg skal skrive ei masteroppgåve der eg i korte trekk ser på kva faktorar som har påverka andelen private barnehagar i norske kommunar. Dette skal eg gjere ved hjelp av ei paneldataanalyse basert på registerdata frå norske kommunar i perioden 1987-2015. Oppgåva vil ha eit ekstra søkelys på om, og eventuelt korleis den lokalpolitiske situasjonen i norske kommunar kan ha spelt inn på kor stor andel av barnehagane som er private, fortel Nils Arne.

Nils Arne er kopla opp mot forskar Trond Erik Lunder som sparringspartnar. Trond Erik har statleg finansiering av kommunane og den offentlege styringa av barnehagesektoren som hovudfelt.

 

Neste søknadsfrist er 15. juni

For studentar som skriv masteroppgåve hausten 2020, uavhengig av når det leverar, er neste frist for å søke masterstipend 15. juni 2020. Då vert det delt ut to nye stipend.

Studenten får

  • 15000 kr i stipend
  • Sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
  • Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekter ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

 

Studenten bidrar med

  • Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

 

Søknadsprosess

Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterier og vekting:

  • Generell prosjektkvalitet (70 %)
  • Relevans for fagområda til Telemarksforsking (30 %)

Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om fagområda våre på heimesida.

Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.