
Meir berekraftige matproduksjonssystem
mars 18, 2020Avgjerande for å ta vare på tilliten til norsk landbruk
Norske forbrukarar er i aukande grad opptekne av korleis maten er produsert, av dyrevelferd, helse, klima og miljø. Dette får konsekvensar for etterspurnaden, og vi registrerer til dømes auka fokus på å spise meir frukt og grønt og mindre kjøt.
Samtidig kjem sentrale internasjonale rapportar som i tillegg til klimaendringar peikar på at tap av biologisk mangfald, svolt og livsstilssjukdomar, krev nye matproduksjons- og forbruksmønster.
Korleis står det til i Noreg, og korleis kan det norske landbruket møte desse utfordringane? For å kunne forstå desse samanhengane har vi, ved hjelp av agroøkologiske prinsipp, tungt forankra internasjonalt, mellom anna i FAO sitt arbeid, utvikla ein aller første versjon av eit indikatorsett for meir berekraftige matproduksjonssystem. Denne rapporten summerer opp dette arbeidet, der målet har vore å utvikle kunnskap om
- status for berekrafta i norske produksjonssystem
- kvar produksjonssystema har forbetringspotensial
- korleis dagens verkemiddel bidrar til å fremme eller hemme berekraftige produksjonssystem
- moglege nye måtar å innrette verkemidla på for å vidareutvikle berekraftige produksjonssystem for norske tilhøve
Noreg har eit godt utgangspunkt for eit berekraftig landbruk ved utnytting av dei tilgjengelege areala i inn- og utmark. Men mange er for lite opptekne av samanhengar og kvar og korleis produksjonar, produsentar og regionar kan spele på lag, i synergi med kvarandre. Vi har for lite fokus på systemtilnærming som kunne bidrege til bl.a. ressursoptimalisering og risikoreduksjon.
Rapporten peikar på åtte forbetringsområde for å kunne få til ein meir berekraftig matproduksjon i Noreg:
- Meir langsiktig forvalting av arealressursar
- Ressursoptimalisering og kretsløpstenking
- Meir mangfald, både agronomisk, økonomisk, sosialt og miljømessig
- Satse meir på spydspissar og kunnskapsutvikling
- Definere og forstå berekraft som fellesgode
- Kommunikasjon og dialog
- Rammevilkår, forvalting og handelspolitikk som sikrar berekraft
- Løpande måling og dokumentasjon av status og måloppnåing, basert på omforeinte berekraftsindikatorar
Den agroøkologiske tilnærminga er eit godt utgangspunkt for å utvikle både ein framtidsvisjon for norsk matproduksjon, og for å konkretisere berekraftsomgrepet i omforeinte indikatorar. Utleiing av godt fagleg funderte og brukarvennlege indikatorar for berekraft er nødvendig. Desse indikatorane bør vere felles for det norske matproduksjonssystemet, og gjerne samanliknbare med ordningar internasjonalt.
Kanskje aller viktigast for dei norske matprodusentane no, er å ta vare på tilliten til den norske maten. Dette er blant anna ein føresetnad for å vidareføre den sterke tilslutnaden til ein nasjonal landbrukspolitikk. For å oppnå det må aktørane i dei norske matproduksjonssystema møte bevisste forbrukarar og globale utfordringar med kunnskap, transparens og praksisendring. Forbrukarane må fortsatt kunne ha tillit til norskprodusert mat, at den er trygg og produsert på best mogeleg måte – med omsyn til folk, dyr og miljø.
Utgreiinga, som er ein del av førebuingane til årets jordbruksforhandlingar, er finnansiert av Forskningsmidler over jordbruksavtalen.