Foto: Aaron Burden, unsplash.com.

Kristine og Tora får masterstipend

februar 4, 2021

Telemarksforsking sine to masterstipend for våren 2021 går til Tora frå UiO og Kristine frå UiA.

Tora Voll Dombu og Kristine Kleiv vann fram blant totalt 30 søkarar til Telemarksforsking si utlysing av masterstipend 15. desember 2020. Dei får dermed 15.000 kr kvar i masterstipend og blir kopla opp mot kvar sin Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.

 

Identitet til staden og kommunesamanslåing

Tora Voll Dombu går på master i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Ho tek for seg stadleg identitet i samband med kommunesamanslåing i si masteroppgåve.

– Masteroppgåva mi tek opp eit svært relevant tema for norske kommunar, som anten står i etterdønningane etter ei kommunesamanslåing, eller som vurderer å slå seg saman med naboen ved neste korsveg. Prosjektet skal undersøke korleis innbyggjarane sin identitet og tilknyting til staden heng saman med endringar i kommunestrukturen, seier Tora.

Tora er kopla opp mot forskar Nanna Løkka som sparringspartnar. Nanna er seniorforskar på kulturområdet ved Telemarksforsking, med særleg kompetanse knytt til mellom anna kulturarv og kulturarvsbaserte utviklingsprosjekt.

 

Næringshagar og etablering

Kristine Kleiv tek ein master i innovasjon og kunnskapsutvikling ved Universitetet i Agder.

– Eg skriv om regional næringsutvikling og bedriftsetablering i det som i litteraturen er omtalt som tynne regionar. Planen min er å sjå på kva rolle næringshagar spelar for bedriftsetablering og vekst av eksisterande næringar i næringslivet i perifere regionar. Caset mitt er regionen Vest-Telemark, fortel Kristine.

Kristine er kopla opp mot forskar Knut Vareide som sparringspartnar. Knut har lang erfaring som forskar på fagfeltet regional utvikling, med spesielt fokus på kvantitative analyser og modellar.

Neste søknadsfrist er 15. juni

For studentar som skriv masteroppgåve hausten 2021, uavhengig av når dei leverar, er neste frist for å søke masterstipend 15. juni 2021. Då vert det delt ut to nye stipend.

Studenten får

  • 15.000 kr i stipend
  • Sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
  • Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekter ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

Studenten bidrar med

  • Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

Søknadsprosess

Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterier og vekting:

  • Generell prosjektkvalitet (70 %)
  • Relevans for fagområda til Telemarksforsking (30 %)

Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.