
Korleis styrke kulturell og kreativ næring?
februar 23, 2024Verksemder i kulturell og kreativ næring fell i mange tilfelle mellom to stolar; i eit tomrom mellom næringspolitikk og kulturpolitikk. Ein ny rapport skisserer konkrete tiltak for å satse på næringa.
Telemarksforsking har nyleg levert rapporten «Kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal». Rapporten er laga etter ein innsiktsanalyse på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Analysen belyser spørsmål som kor omfattande næringa er, kva nettverk verksemdene tar del i, kva behov dei har for offentlege verkemiddel og korleis Møre og Romsdal fylkeskommune kan spele ei aktiv rolle i utviklinga av næringa.
Utfordrande å ha oversikt
Kartlegginga som Telemarksforsking har gjennomført viser at det er utfordrande for verksemder i den kulturelle og kreative næringa å ha oversikt over kva verkemiddel som finst. Men også om kva som er relevant for deira bransje, eventuelle søknadsmoglegheiter samt prosessane rundt det å søke.
– Rapporten tilrår difor ei betre synleggjering og koordinering av tilskotsordningar og andre verkemiddel som finst og kva som er kriteria for å utløyse desse, seier seniorforskar og prosjektleiar Bård Kleppe.
Vidare tilrår rapporten at alle som arbeider med å hjelpe verksemdene bør ha god kunnskap om kva verkemiddel som finst, både kulturpolitiske og næringsretta.
Ei næring med tette samarbeid
Kartlegginga viser at sjølv om den kulturelle og kreative næringa i Møre og Romsdal er relativt liten, og behova for verkemiddel varierer, jobbar fylkeskommunen, næringshagar og inkubatorar aktivt for å legge til rette for næringa gjennom blant anna tilskotsordningar og bistand. Verksemdene har også i stor grad tette samarbeid både med kvarandre, og verksemder utanfor denne næringa.
– Særleg var det to nettverk i Møre og Romsdal som peikte seg ut i våre analyser, eitt for musikkproduksjon og eitt for filmproduksjon. Å vidareutvikle desse nettverka er ei av våre seks anbefalingar til vidare arbeid i rapporten, seier Kleppe.
Ei siste tilråding er at fylkeskommunen bør bidra til å forsterke ulike nettverk. Ein måte å gjere dette på, er å etablere fleire arenaer for samarbeid, som til dømes kontorfellesskap eller produksjonslokale.
– Vi har fleire eksempel på gode samlokaliseringsarenaer for denne næringa i Møre og Romsdal. Desse må vi lære av og bidra til at dei lukkast, seier Elin Kanck Lorentzen, rådgivar i fylkeskommunen.
Ho ser no fram til å jobbe med å sette i verk tilrådingane frå Telemarksforsking.
Som ein del av leveransen frå prosjektet er det utarbeidd ei nettside som beskriv kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal. Den finn du her.
Kartleggingsrapporten om kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal finn du her.