Klimarobust kornproduksjon

november 18, 2019 Grønn omstilling

God agronomi blir viktigare framover

Vi må spele meir på lag med jorda framover om vi skal få til eit meir klimarobust landbruk, som framleis produserer nok mat. Dette er hovudkonklusjonen i eit forprosjekt som sette søkelyset på korleis vi kan få til ein meir klimarobust kornproduksjon i Vestfold og Telemark. Og vi må skaffe oss betre og sikrare prognosar for klimaet vi har i vente.

10 kornbønder i dei to fylka er intervjua om kva for tilpassingar dei gjorde til det ekstremt våte 2017 og det ekstremt tørre 2018, og desse intervjua kan oppsumerast i fem tiltak som kan gjere kornproduksjonen meir robust i møte med komande klimaendringar:

(1) ta vare på og styrke jorda

(2) spreie og redusere risiko

(3) få gjort rett jobb til rett tid

(4) utvikle lokal kunnskap

(5) styrke kornøkonomien

Samstundes trengs meir og tilgjengeleg kunnskap om korleis slike tiltak kan setjast i verk på best mogeleg måte, på kvart enkelt gardsbruk.

Landbruket må lære å utnytte dei positive, og unngå eller tole dei negative effektane av klimaendringar. Då trengs kunnskap om kva klimaendringar inneber for landbruket, ideelt sett tilpassa ulike produksjonar og lokalområde. Då trengs eit verkemiddelapparat som stimulerer til god agronomi og berekraftige prioriteringar økonomisk, sosialt, og når det gjeld miljø og ressursbruk. Då trengs meir, tilpassa og tilgjengeleg kunnskap om jord, om vêr, og om klima. Slik kan bonden i større grad spele på lag med naturen, og fortsette å produsere god og næringsrik mat på norske ressursar.

Prosjektet er finansiert av Oslofjordfondet, Telemark fylkeskommune, Vestfold fylkeskomune og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.

Bonde- og Småbrukarlaget, Bondelaget, KS, USN og Norsk Landbruksrådgiving har vore med i prosjektgruppa som har deltatt aktivt i drøfting av resultata undervegs.

Det er Meteorologsik Institutt og Telemarksforsking som har bidradd med forskinga.

 

Les NRK sitt oppslag om temaet her.