Foto: Even Lundefaret Foto: Even Lundefaret

Ingelin har begynt hos oss!

mai 2, 2024

I april begynte Ingelin Westeren som forskar ved Telemarksforsking. Me har intervjua henne etter eit par veker på jobb.  

Velkomen til Telemarksforsking! 

Tusen takk!  

Kan du fortelje litt om fagbakgrunnen din – kva har du jobba med tidlegare? 

Fagbakgrunnen min er samfunnspsykologi – ei retning som kanskje er mindre kjent, men som utforskar korleis sosiale strukturar, eksempelvis klasse, kjønn, levekår og så vidare, virkar inn på menneskes utvikling og helse. Det interseksjonelle perspektivet står sterkt. Metodologisk tilhøyrer eg den kvantitative leiren, men er opptatt av korleis metodologiske tilnærmingar utfyller kvarandre.  

Eg kjem rett frå prosjektleiar-jobb i kommunesektoren. Dei siste åra har eg arbeidd med tenesteutvikling, analyse, klart språk og rådgjeving. Før det jobba eg i førstelina og fekk kjenne på det «uendelege» ansvaret som mange offentlege ansatte i kommunen står i i kvar dag. Eg har samarbeidd med aktørar på ulike forvaltningsnivå; saksbehandlarar, juristar, analytikarar, samfunnsvitarar og så vidare. Tenestedesign, der innbyggarinvolvering, heilskapleg tenkning og visualisering er sentralt, tar eg med meg.  

Interesse for forskingsprosessen og forskingsformidling har eg hatt med lenge. Interessa vart ytterlegare vekt da eg samarbeidde med Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo om vitskapleg publisering basert på masteren min.  

Kva skal du jobbe med på Telemarksforsking framover? 

Hovudsakleg forsking knytt til kommune og velferdsområdet – både kvalitativt og kvantitativt. Arbeidet kjem til å romme eit vidt spekter med små og store oppdrag, og større forskingsrådsprosjekt på sikt. Eg skal bruke den nære kjennskapen eg har til offentleg sektor i kombinasjon med analystisk kompetanse og erfaringar med prosjekt og formidling. 

Eg har jobba mange år innanfor NAV-systemet – eit system som på mange måtar fungerer som ein temparaturmålar på korleis oppvekst-, helse- og andre sektorar lykkast. Gjennom arbeidet har eg blitt interessert i forebygging, brukarmedverknad, arbeid, levekår og i «what works» for kven – og når. På Telemarksforsking kjem eg til til å forfølge desse problemstillingane vidare.   

Kva slags prosjekt synest du det er spesielt interessant å jobbe med? 

Prosjekt som utforskar konkrete problemstillingar i offentleg sektor er av hovudinteresse. Bakgrunnen min gjer at eg er interessert i menneskeleg utvikling i vid forstand, frå tidleg til seint i livsløpet, og i korleis sosiale strukturar, inkludert strukturane og tenestene i det offentlege, påverkar mennesket.  

Eg synes det er særleg interessant å «kome tett på» praksisen ein skal utforske gjennom kvalitative metodar på den eine sida, og å kunne jobbe kvantitativt og hypotesetestande på meir overordna nivå på den andre sida – og kunne veksle mellom desse tilnærmingane.  

Kva er du mest spent på i din nye jobb her? 

Rolla som oppdragsforskar er ny for meg – eg er spent på balansegangen der ein skal ivareta fagleg integritet og oppdragsgjevararen sitt behov for anvendt kunnskap. Eg er også spent på dynamikken mellom små, «praktiske» oppdrag på den eine sida, og nasjonale/internasjonale prosjekt på den andre sida, og vekslinga dei i mellom – korleis me tilfører perspektiv og funn mellom desse nivåa på ein gjensidig fruktbar måte.  

Eg har no fått innsikt i ein noko av det kollegaene mine arbeider med, men er spent på å få ytterlegare innblikk – her er det så flinke folk og utruleg mange fascinerande prosjekt! 

Korleis trivast du så langt her i Bø? 

Me har budd i Bø i fire år, og har fått det me kom hit for – eit passe stort småbruk-prosjekt, trivsel, nydelege turområde, jobb og moro.  

Som møsstrending med 18 år i Oslo under beltet, er Bø den gode kombinasjonen av bygd og by. 

Noko anna du vil legge til? 

Mange seier det kanskje er tøft å gå frå offentleg sektor og over til institutt-sektoren med krav og tempo. Eg ser annleis på det. Eg kjem frå mange år i det offentlege, der eg opplevde det «uendelege ansvarsområde» blant anna i oppvekst- og sosialsektoren, som inneber ein annan form for krav og tempo. Eg har djup respekt for arbeidet som gjerast der ute.