Illustrasjonsfoto: Unsplash

Hege får masterstipend

juli 5, 2022

Telemarksforsking sitt masterstipend for hausten 2022 går til Hege ved Nord Universitet.

Hege Bekken vann fram blant totalt 13 søkarar til Telemarksforsking si utlysing av masterstipend 15. juni 2022. Ho får dermed 15.000 kr i masterstipend og blir kopla til ein Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.

Samskaping for regional og kommunal utvikling

Hege Bekken studerer MBA i strategi og leiing ved Nord Universitet. Ho tek for samskaping i tilknytting til regional og kommunal samfunnsutvikling seg i si masteroppgåve.

– Omgrepet og fenomenet samskaping har tilsynelatande fått aukande fokus i offentlege verksemder dei seinare åra, men ut frå eigne erfaringar og dialog med andre offentlege tilsette ser det ut til å vere vanskelegare å få samskaping ut i handling enn å skildre det i planverk. Omgrepet, og korleis vi forstår det og brukar det i praksis, er dermed relevant både for leiaravgjerder og strategiar i offentleg sektor. Korleis får vi til samskaping med kommunen som aktør? Kva inneberer det? Og kva for faktorar har påverknad på om vi får ting til å skje eller ikkje?, forklarar Hege.

Hege er kopla opp mot seniorforskar Ailin Aastvedt som sparringspartnar frå Telemarksforsking. Ailin jobbar for tida med ein PhD om samskaping i kommunal sektor, og er prosjektleiar for eit Forskingsråd-prosjekt knytt til dette.

 

Neste søknadsfrist er 15. desember

For studentar som skriv masteroppgåve våren 2023, uavhengig av når dei leverer, er neste frist for å søke masterstipend 15. desember 2022. Då vert det delt ut inntil to nye stipend.

Studenten får

  • 15 000 kr i stipend
  • Sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
  • Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekt ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

 

Studenten bidrar med

  • Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

 

Søknadsprosess

Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Søknaden bør omhandle teori, problemstilling og metode. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Oppgi også studiestad, studieretning og telefonnummer.

Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterium og vekting:

  • Generell prosjektkvalitet (60 %)
  • Relevans for fagområda til Telemarksforsking (40 %)

Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.