Illustrasjonsfoto.

Distriktsmusikarordninga i Vestland: Realiserer ikkje intensjonen sin fullt ut

januar 21, 2026 Kulturliv og kulturpolitikk

Åsne Dahl Haugsevje og Ola K. Berge har evaluert distriktsmusikarordninga i Vestland på oppdrag frå fylkeskommunen. Forskarane finn fleire positive effektar av ordninga, men tilrår grep for å gjere ho kjent for fleire og for å auke dei regionale effektane og sikre kvalitet, fleksibilitet og relevans.

Distriktsmusikarordninga har røter tilbake til slutten av 1980-talet, og vart etablert med mål om å styrke musikklivet i distrikta gjennom oppretting av faste, profesjonelle musikarstillingar.

Stillingane omfattar like delar undervisning og utøving. Gjennom ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og vertskommunane for ordninga, finansierer kommunane 75 prosent av stillingane, medan fylkeskommunen finansierer 25 prosent.

I Vestland er i dag 22 musikarar tilsett i seks vertskommunar; Sunnfjord, Gloppen, Sogndal, Ullensvang, Voss og Alver. Gjennom fylkeskvoten gjer vertskommunane musikarane tilgjengelege for oppdrag også utanfor kommunen, slik at tenestene deira kjem musikklivet også i andre delar av fylket til gode.

No har Telemarksforsking, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune, evaluert ordninga. Fokus har vore på korleis musikklivet i kommunane opplever ordninga, korleis ulike aktørar gjer seg nytte av ordninga, og kva dei regionale effektane er. Evalueringa byggjer på analyse av relevante dokument, ei spørjeundersøking og kvalitative intervju i tillegg til data frå Norsk kulturindeks.

I rapporten med namnet «Best før, men også god etter» konkluderer forskarane at ordninga har fleire positive effektar, men at intensjonen om å styrke musikklivet i heile regionen ikkje er fullt ut realisert.

## Ei lite kjent ordning

Blant dei som kjenner ordninga, er ho både populær og blir skildra som av god kvalitet.

Men: «Eit gjennomgåande funn i evalueringa er at ordninga er lite marknadsført, og at kjennskapen blant målgruppene er for liten; både om at ordninga finst, og korleis musikklivet kan nytte seg av tenestene til distriktsmusikarane,» skriv forskarane.

Ordninga har fleire positive effektar der ho er kjend, og bidreg mellom anna til rekruttering, talentutvikling og ei styrking av grasrota i musikklivet. Samstundes peikar forskarane på at dette er meir gjeldande i vertskommunane og i dei kommunane som har vertskommunane som naturlege samarbeidskommunar, enn i andre delar av fylket.  Effektane kan difor  i større grad seiast å vere lokale enn regionale.

Ei hovudutfordring er at ordninga er for lite kjend utanfor vertskommunane. Teikna til desse utfordringane fann forskarane alt i rekrutteringa av informantar: Nokre takka nei til å delta med grunngivinga at dei anten ikkje kjende til ordninga, eller kjende for lite til ho til å uttale seg.

Også spørjeundersøkinga i rapporten underbyggjer dette: Over 50 prosent av respondentane utanfor vertskommunane svarte at ordninga er dårleg eller særs dårleg marknadsført.

## Gått ut på dato?

Distriktsmusikarordninga vart etablert i ei tid der musikklivet i regionen var svakare utvikla, og der klassisk musikk hadde ein meir dominerande posisjon enn i dag. I undersøkinga stiller fleire informantar spørsmål ved om ordninga er i ferd med å bli utdatert.

«Ordninga kan også seiast å vere ein bærebjelke for den profesjonelle delen av musikklivet i fleire kommunar, men fleire kritiske røyster peikar på at denne modellen, med faste, varige stillingar, gir avkall på naudsynt fleksibilitet. Dette kan potensielt slå negativt ut for kvaliteten og relevansen til musikarane,» skriv forskarane vidare, og legg til at arbeidssituasjonen for musikarar har endra seg ein god del dei siste tiåra – noko Vestland bør vurdere å ta omsyn til dersom fylkeskommunen vel å gå vidare med ordninga.

## Seks tilrådingar

Forskarane avsluttar rapporten med å gi seks råd til Vestland fylkeskommune dersom dei går vidare med ordninga. Dei rår fylkeskommunen til å:

  1. Vurdere å tilsetje musikarar i åremålsstillingar med lang horisont, til dømes seks år.
  2. Vurdere å tilsetje musikarar med kompetanse som kan utfylle den eksisterande kompetansen i ordninga.
  3. Prioritere kommunar med dårlegare tilgang på musikarar ved eventuell utviding av ordninga – men samstundes unngå å ha vertskommunar med berre éi musikarstilling, då det er krevjande å nå måla i ordninga med så liten musikarressurs .
  4. Gå saman om å formulere tydelegare og meir konkrete mål for ordninga, som er lette å kommunisere til omverda.
  5. Leggje meir innsats i å marknadsføre ordninga til relevante brukargrupper.
  6. Utvikle meir samarbeid i og om ordninga, inkludert arenaer for distriktsmusikarane, mellom frivillige og det profesjonelle feltet og samarbeid om kommunikasjonen om ordninga.​​​​​​​​​​​​​​​​