Peer Gynt-forestillinga på Gålå i 2019. Foto: Bård Gundersen.

Digitale festivalar kan ikkje erstatte fysiske festivalar

april 6, 2021 Kulturliv og kulturpolitikk

Forskarar frå Telemarksforsking og Høgskolen i Innlandet har studert korleis pandemien påverkar festivalproduksjon og -oppleving. Funna indikerer at publikum ser på digitale og fysiske festivalar som to heilt ulike opplevingar.

Telemarksforsking har, saman med Høgskolen i Innlandet, publisert rapporten Festivalproduksjon og -opplevelse under Covid-19-pandemien, som ser på korleis mindre festivalar tilpassa seg korona-pandemien i 2020 og korleis deltakarane på desse festivalane opplevde tilbodet.

 

Fire festivalar

Festivalane som blei undersøkt var Amandusfestivalen, Digitale festspel 2020, Peer Gynt-stemnet og  Litteraturdagane i Vinje. Amandus og Digitale festspel 2020 vart i hovudsak gjort om til online-festivalar, medan dei to andre kombinerte fysisk oppmøte med digital formidling.

 

Digitale festivalar er eit alternativ

Studien viser at langt færre deltok på festivalen når formatet var digitalt. Informantane oppgir at dei deltek på festivalen til trass for at den er digital, og opplever det som eit alternativ til det fysiske i ei spesiell tid heller enn eit substitutt. Undersøkinga viser òg at festivalen som paraplyarrangement ser ut til å miste si tyding når plattforma blir digital, det er det enkelte arrangement som blir viktig. Eit anna sentralt funn er at informantane i liten grad klarar/ønskjer å samanlikne den fysiske festivalen med den digitale. Det indikerer at publikum opplever dette som to heilt ulike opplevingar. Fleire seier at dei opplever at den digitale festivalen mest av alt liknar ei TV-sending.

 

Forprosjekt

Undersøkinga er eit forprosjekt basert på ei lita informantgruppe, konklusjonen burde fyrst og fremst brukast som peikepinnar for kva som er relevant å undersøke i framtidige prosjekt. Oppdragsgivar var Nynorsk kultursentrum/Litteraturdagane i Vinje.

Rapporten kan du lese her.

For meir informasjon, kontakt seniorforskar Nanna Løkka.