5 tiltak for klimatilpassing

september 17, 2019Vitenskapelig arbeid Regional utvikling

Førebels resultat frå prosjektet Et mer klimarobust landbruk i Vestfold og Telemark er klar.

Korleis kan vi ruste oss betre for klimaet vi har i vente, slik at vi kan halde oppe matproduksjonen?

Dette er hovudspørsmålet i forskingsprosjektet «Et mer klimarobust landbruk i Vestfold og Telemark».

Som ein del av dette har vi intervjua 10 kornbønder i Vestfold og Telemark for å finne ut korleis dei tilpassa seg ekstremværsituasjonen i 2017 og 2018, og har samanfatta dette i 5 tiltak for ein meir klimarobust kornproduksjon.