Siora / Unsplash

Desse får masterstipend hausten 2019

august 8, 2019

Erlend Kleiven Jørgensen og Ingvild Goksøyr vann fram blant 14 søkarar til Telemarksforsking si første utlysing av masterstipend 15. juni. Dei får dermed 15.000 kr kvar i masterstipend og blir kopla opp mot kvar sin Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.

 

Implementering av velferdsteknologi i kommunane

Erlend Kleiven Jørgensen studerer master i Kunnskap, teknologi og samfunn ved NTNU. Han tek for seg implementering av velferdsteknologi i norske kommunar, og skal undersøke kvifor nokre kommunar lykkas med dette og andre ikkje, kven som er involvert i prosessen og kva som er sentralt i slike endringsprosessar. Erlend har knytta seg opp mot Nasjonalt Velferdsteknologiprogram for å gjennomføre feltarbeidet.

– I Noreg og fleire andre land er det stort fokus på den såkalla eldrebølga. Samtidig som det vert fleire eldre, vil det om nokre tiår vere mangel på helsepersonell. Dette er eit problem som vil ramme dei som brukar ulike helsetilbod i Noreg. I tillegg kan det by på økonomiske utfordringar for kommunane dersom helsetilbodet skal verte oppretthaldt slik det er i dag. Nasjonalt Velferdsteknologiprogram er eit tiltak som skal bidra med kunnskap for å løyse dette problemet, seier Erlend.

 

Velferdssjåvnisme

Ingvild Goksøyr studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og skriv om temaet velferdssjåvinisme.

  • I masteroppgåva mi skal eg undersøke velferdssjåvinisme; den haldninga at velferdsstaten er for den innfødte delen av befolkinga, og berre i mindre grad for immigrantar. Dei siste åra har denne tematikken fått stor akademisk merksemd, og mange meiner at det kan sjåast i samanheng med veksten av blant anna høgrepopulistiske parti, fortel Ingvild.

 

Neste søknadsfrist er 15. desember

For studentar som skriv masteroppgåve i vårsemesteret 2020, er neste frist til å søke masterstipend 15. desember. Då vert det delt ut to nye stipend.

Studenten får

  • 15.000 kr i stipend
  • Inntil 5 timar veiledning med ein forskar frå Telemarksforsking
  • Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekter ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

 

Studenten bidrar med

  • Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

 

Søknadsprosess

Send ein kort beskrivelse av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Prosjektbeskrivelsen bør vere maks 3 sider. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om fagområda her på heimesida vår.