Telemarksforsking har fått oppdraget med å sjå på symbiosen mellom reisemålsutvikling og lokal samfunnsutvikling. Det er Distriktssenteret som har lyst ut prosjektet.
5.7.2012
I skarp konkurranse med ei rekkje andre forskings- og utreiingsmiljø har Telemarksforsking fått eit nytt interessant oppdrag frå Distriktssenteret. Vi skal gjennomføre arbeidet i samarbeid med Mimir AS. Føremålet med oppdraget er å få ei oversikt over korleis kommunar og regionar jobbar for å integrere satsinga på reisemålsutvikling som ein del av deira heilskaplege arbeid med lokalsamfunnsutvikling. Korleis greier kommunar og regionale reisemål å fylle ulike roller, skape og styrkje dei kvalitetane og tenestene som både tilreisande og fastbuande etterspør? Det er det sentrale spørsmålet som studien skal freista å svare på.
Prosjektdesign i to fasar
Arbeidet vil starte opp i august og strekke seg over ca. 3/4 år med ferdig prosjektrapport våren 2013. Det vil først bli gjennomført ein breiddestudie av ca. 50 destinasjonar. Dernest vil vi gå nærare inn på 10 suksessrike case med god integrert reiselivssatsing, og 5 mindre suksessrike case med svakt integrerte løysingar. Vi tar mål av oss om å få til ei god involvering av både kommunar, regionar og fylkeskommunar, seier Lars U. Kobro, som skal vera prosjektleiar for studien. Reisemålsselskapa på dei aktuelle stadene blir naturlegvis også kopla på studien, seier han vidare.
Det som er godt for dei tilreisande er godt for dei fastbuande – og omvendt!
Reiselivsnæringa har etter kvart fått stor betyding for mange regionar, kommunar og lokalsamfunn. Dette har Telemarksforsking tidlegare vist gjennom si såkalla Attraksjonspyramide. Veksten som skjer mange plassar gjeld ikkje berre den kommersielle delen av næringa, men famnar også den store utbygginga av ferie- og fritidsbustader. - Distriktssenteret er opptekne av at det skal skje ei endå sterkare koplingar mellom den verdiskapinga som skjer i reiselivet og i lokalsamfunnet elles, forklarar Roar W. Vangsnes. Vi er difor opptekne av kva slags kvalitetar ulike grupper som vi finn på reisemål, er opptekne av og etterspør, seier han og kunngjer at arbeidet med studien undervegs vil gje innspel til den nye distrikts- og regionalmeldinga som blir lagt fram for Stortinget våren 2013.