På oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet har me gått gjennom mange forvaltningsrevisjonsrapportar for å kartleggja feil og manglar på utvalde sjølvkostområde i kommunane.
3.4.2012
Me har
identifisert ein del viktige problemområde. Dokumentasjonen av sjølvkost er av
varierande kvalitet, og det er slett ikkje alltid mogleg å seia om kommunane
reknar rett eller ikkje.
Kommunane si prisutrekning har blitt meir i tråd med
retningslinene over tid, men alt i alt er det framleis mykje som vert gjort feil. Dei mest alvorlege feila finn me nok rundt bruk av
sjølvkostfond. På VAR-området fører
dette med seg at innbyggjarane i mange tilfelle betalar meir enn sjølvkost.
Rapporten finn du her.
Vår prosjektleiar har vore Ailin Aastvedt.