Telemarksforsking aktivt med i prosjekt som skal skaffe busetnad på fråflytta gardsbruk i Hyllestad.
12.4.2010
Gjennom prosjektet ”Lys og varme i alle hus”, har Telemarksforsking vore spelar på laget som Hyllestad kommune har peika ut for å skaffe busetnad på tomme gardar i kommunen yttarst i Sognefjorden.
I den innleiande fasen har forskar Ola K. Berge gjennomført to workshopar der ein har gått gjennom den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på feltet, samt arbeidd fram ein eigen forskingsbasert metodikk for å frigjere gardar utan fast busetnad for anten overtaking innan familien eller sal. Målet er i begge tilfelle å syte for tilflytting til kommunen.
I arbeidet vidare skal prosjektleiar Terje Nilsen og ei styringsgruppe på fem kontakte og informere kring 90 eigarar om prosjektet. Målet er å gjennom dette sikre ny busetnad på kring 30 % av gardane, eit ambisiøst mål om lag på nivå med kva Vest-Telemark Næringsutvikling klarte med prosjektet "Småbruksprosjektet i Øvre Telemark" i tidsrommet 1999-2002.
Last ned plansjar om arbeidsmetodikken her.
For meir informasjon, kontakt Ola. K. Berge.