NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Jaktar på kompetanse

Jaktar på kompetanse

Rakfiskproduksjon, solfanging, mohairgeiter, gourmetsjokolade, teaterringverknader, leppefisk for lakseavlusing og diamantskjeremaskin er berre eit utval av tema kompetansemeklarane Leif Estensen og Anne-Guri Kåsene engasjerer seg i.

4.3.2010

Temaheftet Verdiskaping frå Norges Forskningsråd har ein artikkel om den suksessrike kompetansemeklinga som no går føre seg rundt omkring i landet.

Anne-Guri Kåsene frå Telemarksforsking, som er ein av dei mest erfarne kompetansemeklarane i landet, seier at komeptansemeklinga har ført til mange nyvinningar og forbetringar i dei verksemdene som har vore med.

Som kompetansemeklar oppsøker ho og kollega Bård Kleppe verksemder, først og fremst innan kultur og opplevingsnæringane, for å finne ut om dei har FoU-behov. Deretter set dei verksemdene i kontakt med aktuelle FoU-miljø, og hjelper til med å kome i gang med eit forprosjekt.

Les meir om den pågåande satsinga i Telemark her.

Last ned Temaheftet (side 25) Verdiskaping her.

 

Vil du vite meir?

Ta kontakt med Anne-Guri Kåsene.