Telemarksforsking har på oppdrag frå Kulturskatten sett på kva tyding oppdrag for Kulturskatten har for kunstnarar og kunsten deira. Eit primært spørsmål i undersøkinga er om Kulturskatten er med på å gjere det økonomisk mogleg for kunstnarar å drive yrkesaktivt med kunst, noko informantane langt på veg stadfestar.
3.3.2010
Kunstnarane vi intervjua kunne fortelje om intense men givande
arbeidsdagar på turné for Kulturskatten (turneorganisasjon for Den kulturelle skulesekken i Telemark). Dei fleste oppgjev at dei er
slitne etter slike turnear, men at dei ikkje kjenner dei som for
belastande. Dei syns dei har godt høve til å påverke eigen turneplan, og
-omfang. Dette blir vurdert som viktig utifrå individuelle omsyn til
kunstform, kunstnaren sin alder og andre faktorar. På same tid rommar
kunstnaryrket ei rad dilemma og paradoks. For sjølv om skuleturnear på
den eine sida kan representere etterlengta struktur, ein slags
arbeidslivsmessig normalitet, kan dei og vere kunstnarleg og kroppsleg
slitsame. Likevel er ikkje arbeidstidene noko informantane meiner dei
har grunn til å klage over. Snarare tvert om. Dessutan følgjer alle opp
med at dei kjenner seg ivaretekne i og gjennom ordninga – ingen kjenner
seg pressa av Kulturskatten til å gjere meir enn dei sjølv ynskjer.
Kulturskatten gjev imidlertid ikkje kunstnarar høve til fast arbeid
eller lengre engasjement over tid. Engasjementa er korte og med få
forpliktingar for arbeidsgjevar. Fleire av våre informantar er difor
ikkje fullt ut nøgde med Kulturskatten sin oppdragspolitikk. Det er i
hovudsak ikkje sjølve honorarstorleiken som engasjerer fleire av
kunstnarane, men korleis turnéorganisasjonen stiller seg til spørsmålet
om sosiale rettar ved t.d. sjukdom eller svangerskap.
Rapporten kan lastast ned her.
Kontaktperson er Ola K. Berge.