NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Konferanse om regionalparkar

Konferanse om regionalparkar

Den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar blir arrangert på Stalheim 12. - 13. mai 2009.

20.3.2009

Føredragshaldarar frå Austerrike, Tyskland og Sveits vil gje oss innblikk i prosessar, problemstillingar og suksessar i arbeidet dei gjer i sine land. Dei norske bidraga fokuserer på utvikling av parkkonseptet i Noreg. Ein del av konferansen vil gå føre seg i "felten". Vi vitjar ekskursjonsmål i to Landskapsparkar i Hordaland og i UNESCO-verdsarvområdet i Nærøyfjorden.

Telemarksforsking har fleire prosjekt om regionalparkar, og er initiativtakar og medarrangør for konferansen.

Les meir om konferansen her.

Les meir om regionalpark som utviklingsstrategi her.

På fleire stadar i landet er slike parkar under utvikling, nokre er allereie etablert. Sjølv om parkane har ulike namn knyter ein grunnleggjande filosofi områda saman. Dette er berekraftige næringar, skånsam turisme og ivaretaking av det verdifulle grunnlaget i parkane, nemleg det unike natur- og kulturlandskapet, men den viktigaste ressursen i desse særskilte områda er menneska som bur der. Dei og erfaringane dei har samla i arbeidet med og i parkane har hovudfokus på konferansen. Kontaktperson om regionalparkar i Telemarksforsking er Solveig Svardal.