Telemarksforsking leiar ein framtidsverkstad for Midt-Telemark-regionen.
30.1.2009
Gjennom Attraktivitetsbarometeret veit vi mykje om kor attraktive ulike kommunar og regionar er, og kva som forklarar denne attraktviteten. Område med stor tilflytting har mykje bustadbygging, sosiale møtestader (kafé-faktoren) og gode sentrumsområde.
I framtidsverkstaden skal vi teikne ulike framtidsbilete, og utvikle strategiar og tiltak for å førebu oss på framtida, slik at regionen blir meir attraktiv som bustadområde, seier Lars Kobro, som leiar prosessen på vegne av Telemarksforsking.
Prosjektet er ein del av VRI i Telemark.
Vil du vite meir om foresight og tilboda frå Telemarksforsking?
Les her.