Telemarksforsking skal utvikle nye skuleprosjekt som fremjer kunnskapen om økologisk mat i skulane i Midt-Telemark.
10.12.2008
Regjeringa har som mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Telemark har utarbeidd sin eigen handlingsplan for økologisk landbruk, og peikar mellom anna på at det er viktig å auke kunnskapen om økologisk landbruk hos produsent og forbrukar.
Prosjektet har som mål både å auke produksjon og forbruk av økologisk mat i regionen, men også styrke kontakten mellom produsentar og forbrukarar. Aktuelle tiltak kan vere:
Når born arbeider aktivt med ulike prosjekt og faglege tema på skulen, kan ein anta at dette i større eller mindre grad også påverkar kunnskapsnivået, haldningar og handlingar til ein større del av familien enn berre bornet sjølv. Dette betyr at aktivt og medvite arbeid med økologi- og miljøprosjekt i skulen vil kunne bidra til auka forbruk av økologisk mat i hushaldningane generelt, ikkje berre av den maten elevane får tilbod om i skuletida. Skuleprosjekt og aktivitetar som involverer produsentar, videreforedlarar og familiane vil kunne leggje grunnlaget for auka produksjon av økologisk mat i regionen.
Fleire større prosjekt og satsingar, slik som Økoløft og Naturlig bortskjemt mat, rettar seg inn mot auka produksjon og forbruk av økologisk mat med spesiell fokus på barn og unge som morgondagens forbrukarar. Det er likevel trong for fleire prosjekt og aktivitetar som aukar interessa for økologisk mat, og dermed stimulerer til auka produksjon og forbruk av økologiske varer.
Prosjektet er eit samarbeid med skulane i regionen, Midt-Telemark næringsutvikling, Midt-Telemark landbrukskontor og Fylkesmannen i Telemark.
Christine Hvitsand er prosjektleiar ved Telemarksforsking.