NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Utgreiing av kommunesamanslåing Bokn/Tysvær

Vi har nyleg sluttført og presentert ei konsekvensutgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing mellom Bokn og Tysvær i Rogaland. Båe kommunane ser no ut til å gå inn for ei samanslåing.

16.3.2006

Prosjektleiar har vore Kjetil Lie. I tillegg til ein hovudrapport frå utgreiinga ligg føre ein kortrapport og ei oppsummering på foilar. I den skriftlege dokumentasjonen frå utgreiinga har vi lagt vekt på å gje skjematiske oversyn over fordelar og ulemper ved ei eventuell kommunesamanslåing. Det synes å gå mot eit samrøystes vedtak i Tysvær kommune og eit fleirtalsvedtak i Bokn kommune om at "Ut frå ei heilhetleg vurdering, der ein både legg vekt på den vedtatte avtala om framtidig tenestetilbod og vidare på den framtidige samfunnsutviklinga som skissert i konsekvensutgreiinga, går kommunestyret inn for at Tysvær og Bokn slås saman til ein kommune frå 1. januar 2008."   

Det viktigaste  målet med konsekvensutgreiinga har vore å samanstille data frå dei to kommunane og vurdere desse i høve til kva perspektiv ei eventuell samanslåing av kommunane opnar for. Utgreiinga fokuserer på to alternative ”framtidsbilete”; 1)  Bokn og Tysvær som framleis to sjølvstendige kommunar og 2)  Bokn og Tysvær som ein samanslått kommune. Konsekvensutgreiinga har elles lagt til grunn ei inngått intensjonsavtale mellom Bokn og Tysvær om korleis tenestetilbodet skal vere på Bokn etter ei samanslåing. Det heier m.a. her at ”Det skal oppretthaldast eit godt og like tilgjengeleg tilbod av kommunale tenester for innbyggarane i Bokn som det har vore før samanslåinga.” og at "........det etablerast eit kultur- og idrettsanlegg på Bokn i løpet av perioden 2008-11, innanfor ei kostnadsramme på 15-20 mill. kr."

Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Held befolkningsutviklinga fram slik ho har gjort den siste tida, vil befolkninga på Bokn utgjere ein stadig mindre del av det totale folketalet i ein eventuelt ny kommune.