NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Senter for natur- og kulturbasert nyskaping - Temaside:

Landbruksbygg og kulturlandskap

Handlingsplan for store nye landbruksbygg og kulturlandskap

Med midlar frå jordbruksavatalen er det sett i gang ein fem-årig handlingsplan for store nye landbruksbygg og kulturlandskap. Handlingsplanen byggjer på framlegg frå ei breit samansett arbeidsgruppe, som leverte sin rapport i starten av 2007.

Solveig Svardal frå Telemarksforsking har vore sekretær for arbeidsgruppa og har hatt ansvar for å føre handlingsplanen i penn.

Handlingsplanen kan lastast ned her.

 

Inspirasjonshefte: Nytt liv for dei raude låvane midt i Telemark

I Midt-Telemark er det gjennomført eit prosjekt med føremål å auke verdien av den gamle låven gjennom nye aktivitetar på garden, og slik sikre låven som eit viktig kulturlandskapselement.

Prosjektet har følgjande delmål:

  • Skape ny aktivitet i den gamle låven
  • Gjennom aktiv bruk sikre den gamle låven som kulturlandskapselement
  • Restaurering med utgangspunkt i bygningen sin typiske karakter

Solveig Svardal ved Telemarksforsking har følgt prosjektet og har laga eit inspirasjonshefte for låveeigarar og andre med interesse for stad- og næringsutvikling.

Last ned heftet her.

 

Nordisk seminar om store nye landbruksbygg og kulturlandskap

Må dei nye store landbruksbygga sjå ut som fabrikkhallar lausrivne frå tradisjonelle tunformer og landskap eller er det mogleg å finne løysingar som gjer at dei spelar på lag med landskapet? Dette var det sentrale spørsmålet på eit nordisk seminar på Jæren hotell 19. – 21. september 2006. Nordiske kapasitetar innan forsking, forvalting og planleggjing var invitert til å klarleggje spørsmålet frå ulike synsvinklar.

Last ned foredraga frå nordisk seminar om Landbruksbygg og kulturlandskap 19. - 21. september 2006 her: