Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarksforsking-Bø er eit sterkt forskingsmiljø som i dei fleste prosjekta byggjer på ei tverrfagleg tilnærming.
Arbeidsmetoden er handlingsfokusert og pragmatisk; den må løyse ut modellar og verktøy som faktisk verkar. Aksjonsforsking er bygd på målet om forandring; forskaren trer bevisst inn i feltet for å påverke i ei på førehand ønskt retning og produserer kunnskap og teori i denne prosessen.
Omgrepet bygdeutviklingsforsking kan nyttast som terminologi for metoden der forskaren går inn i rolla som regional utviklingsaktør, i samarbeid med lokal / regional forvalting og lokale utviklingskrefter. Fokuset her ligg på potensialet for nyskaping og endring, og gjennom mobiliseringsmetodikk er målsetjinga både å få fram dei lokale ressursane og / eller eventuelle forvaltings / haldningsrelaterte hindringar for å løysa desse ut.
Forskaren går her inn, heile tida med eit fokus på oppgåva, og medverkar med sin kunnskap om sosiale prosessar og samanhengar, og med kunnskap om korleis slike kan påverkast, nyttast, og eventuelt endrast. Ei slik tilnærming stiller krav, også etiske, til tilhøvet mellom distanse og nærleik til feltet.
Vi søkjer ikkje å vere ”objektive” og ”nøytrale”, slik det tradisjon for i naturvitskapeleg forsking, men vi må vere ”opne” og ”tydelege” på vår rolle, ei kjent utfordring for forskarar som søkjer å vere meir brukarorientert samtidig som dei skal hegne om forskingas autonomi. Ved å sørgje for at oppgåver og målsetjingar vert konkretisert i eit regionalt fellesskap, vert forskaren ein aktiv medspelar for lokal utvikling i kulturelle landskap.
© Telemarksforsking | Postboks 4, 3833 Bø i Telemark | T +47 35 06 15 00 | F +47 35 06 15 01